Ålesundsmitte gir konsekvensar for Herøy:

Kjem du til Herøy frå Ålesund og omland så gjeld reglane i Ålesund for deg

Kommuneoverlegen i Herøy gjekk måndag kveld ut med råd til kommunens innbyggjarar, særs dei som reiser til og frå Herøy til kringliggande kommunar.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Ålesund og nabokommunar set i verk eigne lokale forskrifter som vert gjort gjeldande i to veker frå i dag. Dette stiller krav til alle som bur eller oppheld seg i Ålesund, Sula og Giske, og som reiser til og frå Herøy.

– Det går no føre seg eit utbrot av smitte både i Ålesund kommune og i Hustadvika kommune i vårt fylke, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen i ei pressemelding.

Smitteutbrotet er i hovudsak mellom yngre vaksne personar i begge kommunane, og er knytt til serveringsstadar. Det vert vurdert om det er samanheng mellom utbrota.

Møre og Romsdal har ikkje hatt større utbrot i heile pandemien enn akkurat no, opplyser statsforvaltaren. Dette skjer altså samstundes med at rapportar om fallande smitte kjem inn frå andre deler av landet, noko som gjer det ekstra krevjande for oss alle.

– Det er viktig at vi klarar å hindre at denne smitten også spreier seg til vår kommune, seier kommuneoverlegen.

Kommuneoverlegen i Herøy kjem med desse smittevernråda:

– Følg dei grunnleggande smittevernreglane med handvask og avstand. Bruk munnbind dersom avstandskravet på 1 meter ikkje kan følgjast.

– Ta ein test om du har sjølv svake symptom eller om du har vore ein stad der det er risiko for smitte.

– Vurder er om det arrangementet du har planlagt kan utsettast.

– Alle våre serveringsstadar må dei to komande vekene ha skjerpa merksemd på smittevern. Dette omfattar også god registrering av gjester.

– Unødvendige reiser til område med høg smitte (Ålesund og kringliggande kommunar på Sunnmøre) må ein unngå. Om du arbeider der, så bruk heimekontor om mogleg.

Ver merksam på:

  • Er du i Ålesund og omland så set deg inn i dei smittevernreglane som gjeld der akkurat no.
  • Kjem du til Herøy frå Ålesund og omland så gjeld reglane i Ålesund for deg også medan du er her.
  • Er du student eller arbeider i Ålesund så ikkje reis til Herøy utan at du må det, men vent til situasjonen der har roa seg.