Oppvekstutvalet tilrår å stadfeste tidlegare lokaliseringsvedtak for ny Bergsøy skule:

– Dette handlar om at vi i fellesskap no blir samde om kvar vi står i prosessen

Oppvekstutvalet har sett på tidlegare vedtak og kome med ei tilråding i saka om ny Bergsøy skule.Utvalet meiner vedtatt byggestad og tidlegare avgjersler bør spelast vidare på inn mot byggeprosessen for å spare tid og pengar.

Carl-Henrik Myrseth Moltumyr: Høgrepolitikaren meiner at ein, for å spare tid og pengar i skulesaka, er nøydd til å gjere folkeundersøking og revisjon av tidlegare prosjekteringar parallelt for å sikre raskast mogleg framdrift. – Vi må inn mot neste budsjettprosess også få innarbeida ei fullfinansiering dei komande åra så vi kan få påskunda skuleprosessen, seier Moltumyr til Vestlandsnytt. Arkivfoto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

I eit vedtak i oppvekstutvalet førre veke tilrår politikarane at byggjeprogrammet for ny Bergsøy skule bør reviderast, kvalitetssikrast og sendast over til kommunestyret for ny handsaming, samstundes som fullfinansiering av prosjektet skal søkjast innarbeida i budsjett og økonomiplanen for 2022–2026. Utvalet vart i sitt møte orientert om kva tidlegare vedtak som er gjort i saka, som til dømes at nytt skulebygg er vedtatt å stå på området mellom Bergsøy skule Blåhaugen og Ytre Herøy ungdomsskule.