Trur på vekst lokalt: Maritim verksemd ser mot land

SHOK Partner AS satsa stort då dei lokale verfta sikra seg store kontraktar for nokre år tilbake. No ser dei mot land for å utvide kundegrunnlaget.

Framtidstru: Curt-Åge Hauge og Geir Ove Molvær har tru på vekst for verksemda SHOK Partner.  Foto: Geir Egil Eiksund

Nyhende

I Fristadbygget i Dragsund finn vi lokala til den maritime leverandøren SHOK Partner AS. Verksemda leverer løysingar og utstyr for bysser og messer, men også vaskeri og avfallshandtering for skip. I mars kom nyhenda om at dei også skal levere storkjøken til Rosenlund Hamn på Sandsøya. Og med det tek bedrifta sine første steg på land.