Ordføraren vil jobbe for å skifte anløpsstad til Mjølstadneset

Ordførar Bjørn Prytz fekk føre veke løyve frå lokalpolitikarane i Herøy formannskap til å jobbe aktivt med å skifte anløpsstad for Hurtigruten og Kystruten, frå Torvik til Mjølstadneset.

  Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Det byrjar å haste med dette. Så snart Stad skipstunnel er på plass vil den opne for andre leier, og då er det viktig at vi som kommune er på hogget før andre kjem oss i forkjøpet, sa Prytz då han bad om løyve til å ta ei aktiv rolle i å promotere anløpsstad-skifte for dei to selskapa.