Koronatest i Herøy var falsk positiv

Personen som før helga testa positivt for covid-19 på ein hurtigtest, fekk i dag negativt svar på ein ordinær kontrolltest, melder Herøy kommune måndag ettermiddag.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Personen har såleis ikkje vore smitta av covid-19 likevel, noko som er særs gledeleg både for den det gjeld og oss, opplyser kommuneoverlegen i Herøy i ettermiddag. Det er såleis ingen frå Herøy som har testa positivt etter utbrotet i Ålesund sist veke.

Situasjonen i Ålesund stiller likevel framleis krav til oss, seier kommuneoverlegen til slutt.