Sande kommune vil ha dialog om ny ferjekai

Sande kommune meiner fylkeskommunen legg opp til ei løysing som ikkje er fleksibel nok når det gjeld ny ferjekai på Voksa.

Vok­sa fer­je­kai: Til­stan­den har av fag­le­ge myn­de vor­te om­ta­la som kri­tisk dår­leg. Kom­mu­nen ber fyl­kes­kom­mu­nen om å drop­pe tan­ken om å bygge ny kai et­ter stålrøyrkonseptet.  Foto: Endre Vorren

Nyhende

– Det valde ferjekaikonseptet basert på stålrøyr gir dårleg fleksibilitet ved at ein reduserer moglegheitene til sambruks med til dømes ambulansebåt, passasjerbåt osv., skriv kommunedirektør Anders Hammer i eit brev til samferdselsavdelinga i fylkeskommunen.