Sande «sparte» hoppid-midlane

Kommunane i fylket hadde til saman vel fire millionar kroner i ubrukte hoppid-midlar ved utgangen av 2020.

Sande kommuner: Får ikkje påfyll av hopp-id-midlar fordi kommunen ikkje har brukt av tidlegare løyving.  Foto: VN

Nyhende

Sande var ein av fire kommunar i fylket som ikkje nytta noko av hoppid-midlane til nyetableringar i 2020. Dei andre var Hareid, Giske og Gjemnes. Desse kommunane får dermed ikkje tilført nye midlar i 2021.