Harald Thorseth - "Tida går":

MYRVÅG KOLONIAL

I 1978 stengde Myrvåg kolonial dørene for godt. Det var Petra og Arnleif Hildre som starta butikken i 1951, og dei dreiv han til Marit Skogen tok over i 1970.

SISTE DAGEN: Harry Andersen gav opp butikkdrifta i 1978 etter å ha halde på i vel tre år. To av dei som var innom Myrvåg kolonial den aller siste dagen, var Palma Aurvåg og Annfrid Aurvåg (nærast).  Foto: Harald Thorseth

Då vi stengde butikken, hadde vi litt dårleg samvit med tanke på dei som på ein måte var avhengige av oss. Men dei fleste hadde forståing for at vi måtte legge ned drifta.

Nyhende

Etter kvart vart det klart at omsetninga ikkje var stor nok til at butikkdrifta lønte seg. Men etter at Marit Skogen hadde slutta, gjekk det ikkje lenge før folk i bygdene her kom med eit sterkt ynske om at det måtte verte ny butikkdrift. Dei sakna nærbutikken.