LESARINNLEGG

Hjorteforvaltinga i Herøy - for kven?

Omdiskutert: Illustrasjon: Hjorteflokk på øyane.   Foto: Arkiv

Nyhende

Eg skriv dette i eigenskap av å være grunneigar på Remøya og som privatperson.

Før og no

Det synest å vere overordna at ein skal ha store og robuste viltbestandar i dette landet. Kva dette skal bety i praksis, og kva «kostnader» dette skal ha for dei som ikkje har direkte nytte av dette, vil nok alltid vere ein diskusjon.

På Remøya var det knapt registrert eit einaste hjortedyr for 40 -50 år sidan. At det var hjort her i middelalderen skal eg ikkje sjå bortifrå. Så på ein måte KAN ein sjå på dette dyret som ein «ny framandart» her. Endringane i kulturlandskapet med mindre beiting frå husdyr og aktiv skogplanting har nok her, som andre stadar ført til ein auka bestand av hjort.

Nasjonalt har bestandane av hjort og elg aldri vore større i moderne tid. Miljøet på Remøya synes å være særleg bra for hjorten. Gode beiteforhold og skog til å stikke seg vekk i når ein ikkje vil synast. I forhold til arealet, tyder mykje på at øya har ein relativ stor bestand av dyr og den med å auke. Det er eit teikn at ein midt på lyse dagen ofte observerer dyr både på innmark og utmark.

Dette har konsekvensar for dei som bur her. Det er mykje beitskadar på hagar og jordbruksareal. Eg sjøl opplevde at ein nysådd plen omtrent var iheltrakka i fjor haust. Det andre fenomenet er flått – tidvis hordar av flått – sjøl rundt husa.

No forstår eg det slik at flåtttypen hjort er bærar av ikkje fører til sjukdom (borreolose sjekk). Det kan så vere, men det er ikkje akkurat triveleg å få utyska oppetter kroppen berre ein set seg i solveggen utanfor eige hus. Desse (u)trivselsfaktorane er ikkje nemnde i den sist reviderte forvaltningsplanen for Herøy. Den er, etter mi meining, først og fremst «jegerane sin forvaltingsplan.»

Teljing – fastsetting av kvote for «Storvaldet»

I fylge media blir det i desse dagar foreteke teljingar ved at folk frå Viltnemnda har befaring på dei ulike valda. Observasjonane er med og dannar grunnlag for kor stor «totalkvote» ein skal ta ut i komande sesong. Mine første spørsmål er: Kor gode/representative er desse observasjonane ? Kvifor er det slik at ein i liten grad synest å basere seg på lokal informasjon om kvar det er observert dyr som hjelperåd. Ialle fall synest ikkje jaktlaget her på øya å ha blitt spurt. Dette synest eg er forunderleg. Men, ein har vel ei god forklaring ?

Fordeling på valda m.o.t uttak av dyr

Eg har forstått det slik at etter at Viltnemnda har konkludert med storleiken på uttaket av dyr, så blir dette fordelt på dei enkelte valda. Vidare at ein baserer seg i det vesentlege på arealstorleiken til valda som fordelingskriterium. Dette er ein modell som er enkel, men reiser spørsmål. Naturvilkåra er ulike i dei ulike valda. Difor er den gjennomsnittlege tettleiken av dyr også ulik.

Er hjortestammen liten, vil dei beste områda blir «befolka» først og mest. I dei valda hjortestammen er mest til stades vil også skadefrekvensen og flåttmengdene være størst. Ei stor (robust -kva enn det må bety) hjortestamme aukar sjølsagt frekvensen av dyr i dei mindre attraktive områda. Sjølsagt kan ein over tid ha endringar men det gir ei rimeleg beskriving av ein situasjon

Revisjon av forvaltingsmodellen

Eg meiner at denne modellen fyrst og fremst er «jegervenleg» og skjelar mest til dei dårlegare valda med omsyn til dyrefrekvens. Men, modellen har også den konsekvensen at dei områda som har mest dyr, har lavast avskytning relativt sett, og største plagene (skadar/flått).

Som grunneigar på Remøya føler eg dette er feil forvaltningspolitikk for alle dei som har valt å busette seg på øya. Trivselen er unødvendig utfordra. Om ein må å setje opp 2 meter høge gjerde rundt tomtene sine for å bli kvitt plaga, er det ikkje akkurat noka tiltalande løysing. Og flåtten kan ein ikkje gjerde ute.

Eg meiner at ein i større grad må sjå på storleiken på bestanden om den med fordel kan takast noko ned. Her må ein vere sikker på gode teljemetodar og ein realistisk beskattingmodell.

Eg meiner vidare at område med stor frekvens av dyr må ha større avskyting enn kva arealmålet tilseier. Dette for å avhjelpe noko på skade /omfang flått.

Ein må ha ein god modell som er effektiv på den måten at totalkvoten for storvaldet vert teken om enkelte av valda ikkje får teke ut antal tildelte dyr. Eventuelt blir overskot overført til neste års totalkvote for fordeling.

Eg håper at Viltnemnda tek opp denne diskusjonen, og gjerne arrangerer møte med grunneigarane så snart pandemisituasjonen opnar for det. Regelverket definerer grunneigarane som viktige premissleverandørar i hjorteforvaltinga.

Med håp om at denne saka vært teken vidare.

Paul-Gustav Remøy