Heile årsbudsjettet for legevakt brukt opp – vil justere

Herøy kommune har på enkelte område til dels store meirutgifter enn det dei har budsjettert med i fyrste kvartal. På den litt lysare sida har inntektene vore noko høgare enn kva ein venta seg.

Trond Arne Aglen: Kommunedirektøren informerte om at ein blir nøydd til å justere budsjettet då der er eit meirforbruk i fleire sektorar.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Det orienterte kommunedirektør Trond Arne Aglen om i formannskapsmøte på tysdag. Han sa då at fleire avdelingar per i dag rapporterer om meirforbruk/mindreinntekter og det er ikkje grunn til å tru at utfordringane vert mindre resten av året.