Det stormar i fleire politiske saker for Herøy-politikarane:

Maraton-orienteringar i Herøy formannskap

Mesteparten av formannskapsmøtet i Herøy denne veka gjekk med til orientering om fleire pågåande saker – alle med ei form for tidsklemme som fellesnemnar. Det fører til frustrasjon og hovudbry blant dei folkevalde.

Mange vanskelege saker: Det stormar kring fleire politiske saker i Herøy om dagen. Tysdag orienterte ordførar og kommunedirektøren i fleire av dei. Orienteringane tok det meste av møtetida då det var mange som ønskte å diskutere om Herøy gard, deponisaka og ny Bergsøy skule. Det var vel å merke orienteringar, så ingen vedtak var fatta i sakene.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Både drifta ved Herøy gard, deponi for massane frå Fosnavåg hamn og ny Bergsøy skule skapte fleire timars lange diskusjonar då Herøy formannskap hadde møte denne veka. Nokre politikarar meiner at det no hastar med å kome med tydlege avgjersler i dei nemnde sakene. Andre synest at det kanskje går vel fort i svingane.