Klage på kai-tiltak på Sandshamn

Sande kommune har teke imot ein fyldig klage på eit sjøretta løyve.

Sands­hamn: Saka held fram om eit «fram­bygg» på det næ­ras­te sjø­hu­set.  Foto: Arkiv / Endre Vorren

Nyhende

– Underteikna finn saksbehandlinga av løyve til tiltak utilfredsstillande, skriv Helene Helland og Johan Olav Våge i eit felles klageskriv.

Tiltaket gjeld brygga som er ført opp framfor eitt av dei større sjøhusa som har felles sjøfront på Sandshamn.

I klagen spør ein mellom anna kva tid vedkomande som har bygt tilbygg framfor sjøhuset, fekk løyve til å etablere flytebrygge ved sida av. Ein fryktar elles at båtar som ligg ved kringliggande vegnhus kan hekte seg under kaia som er montert framfor eine sjøhuset.

– Vi står på vårt krav om at tiltaket må førast tilbake/fjernast på grunn av ulempene det fører med seg, heiter det mellom anna i klagen.


Kystverket har ingen innvendingar på Sandshamn

Tiltaket har ikkje vesentleg betydning verken for ferdsel, forankring eller manøvrering.



Krav om riving av tiltak framfor sjøbud

Oppsetting av ein platting framfor ei av sjøbudene på Sandshamn har gitt reaksjonar.