Vrien gravplass-utfordring for lokalpolitikarane i Herøy:

Formannskapet vil forhandle meir på Flusund

Herøy formannskap tilrår at kommunen skal etablere urnelund på Flusund og vil at administrasjonen skal forsøke å forhandle med grunneigarane her om vidare utviding av gravplasskapasiteten.

Marit Sævik Leinebø: Kyrkjeverjen i Herøy informerte om at ein har 6-8 år med gravreservar att på FLusund før ein treng nye plassar. Det inkluderer gjennbruk av 250 graver, samt etablering av ein urnelund. Formannskapet i Herøy tilrår nye samtaler med grunneigarane på Flusund. 

Nyhende

Det var resultatet då lokalpolitikarane var samla til møte på tysdag. Handsaminga starta med at Gunn Lise Voldsund (Sp) vart kjent inhabil, då hennar onkel er grunneigar på Flusund og er dermed part i saka. Paragraf 6b vart nytta som heimel.