Kulturskulerektoren i Sande med UKM-skryt etter vellukka mønstring:

– Mangfaldet er stort

Kulturskulerektoren i Sande, Susann Worren Hauge, er mektig imponert av det Sande-ungdomen leverte under årets utgåve av UKM.

Dansa og song: Eline Halle Nerland, Marie Aarvik Godø, Mali Torset Bowden og Linni Voldnes deltok som gruppe – med både song og dans.  Foto: Håkon Vestnes

Nyhende

– Nok ein gong, altså! Igjen viser våre barn og unge i kommunen at mangfaldet er stort. Det gler oss også veldig å sjå kor flinke dei er til å ta ansvar og at vi greier å få til eit inkluderande og godt generasjonsskifte i UKM-tradisjonen lokalt.