Nytt smittetilfelle i Herøy - knytast til restaurant-utbrot i Ålesund

I samband med eit nyoppdaga smitteutbrot knytt til restauranten "ANNO" i Ålesund, er det i dag påvist ein positiv test i Herøy, opplyser Herøy kommune torsdag ettermiddag.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

I Ålesund er det til no avdekka 5 positive tilfelle i dette utbrotet. Vedkomande er sett i isolasjon og nærkontaktar informert og sett i karantene, opplyser kommuneoverlegen.

Det vert sett i verk smittesporingstesting for å avklare det vidare omfang. I samband med same utbrotet er ytterlegare 3 personar frå Herøy, til dels busett i Ålesund, testa og sett i karantene.

Vidare et det påvist ein svak positiv test i samband med kontrolltesting på dag 7 av ein person i innreisekarantene. Dette kan ha samanheng med eventuelt tidlegare gjennomgått covid-19. Personen held fram i karantene til dette er avklara.