Dei plagast med grågås også på Voksa

Grågås: Eit sikkert vårteikn er grågåsa på markane, og samstundes også søknadar om felling av skadegjerande gås på innmark.  Foto: Arkiv / Bjørnar T. Sævik

Nyhende

Sande kommune har gitt Britt Harøy løyve til felling av skadegjerande grågås. Løyvet er for inntil ti grågås i perioden frå 15. april til 15. juni, i tillegg til kvotefri jakt på grågås frå 26. juli fram til ordinær jaktstart 10. august.