Nytt koronatilfelle påvist i Sande

Kommuneoverlegen melde seint i går kveld om eit nytt tilfelle av covid-19-smitte i Sande.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Kommunen opplyser at personen kom frå utlandet og tok test på ein flyplass. Denne var negativ. Etter å ha tatt ny test ved Sande legesenter 19.04 fekk kommunen melding i går kveld om at denne var positiv.

4 nærkontaktar sit i karantene, opplyser kommunen vidare. Det blir jobba vidare med å definere fleire moglege nærkontaktar.

Sande sin kommuneoverlege minner om dei generelle smitteverntiltaka om å halde avstand, hygiene og testing ved sjukdom.

I veke 15 tok Sande legesenter 35 testar.