Førebur seg på større vaksineleveransar

Herøy kommune førebur seg på å vaksinere fleire når Folkehelseinstituttet aukar leveransane.

Vaksine  Foto: Illustrasjonsfoto

Nyhende

Nasjonale helsetyresmakter har gitt signal om at dette vil auke på gradvis. Då kan det verte aktuelt å vaksinere personar over fleire dagar.

– Vi vaksinerer sjølvsagt så mange vi får dosar til, og førebur oss godt, seier vaksinasjonskoordinator og leiande helsesjukepleiar, Kari-Janne Ljones Kulø i ei pressemelding.

Førebels har ikkje Herøy kommune hatt den store auken i leveransar, men om lag 250 personar har fått førstegongsdose dei siste vekene, nokre veker litt fleire.

Vi får vite kor mange vaksinedosar vi får levert frå veke til veke.

Nye 250 neste veke

Neste veke (veke 16) er det også rundt 250 nye personar som før første dose. Det er Pfizer/BioNTech-vaksinen vi får og nyttar i Herøy.

– Vi er godt i gang med dei frå 74 år og nedover til og med 66 år for tildeling av timar, fortel Kari-Janne Ljones Kulø.

Rundt 900 personar er i denne gruppa.

Registrering er viktig

Herøy kommune ber alle innbyggjarar over 18 år om å registrere seg på nettsida her. Det betyr at det går raskare og meir effektivt å tildele timar for vaksinasjon når vi ringer deg. Dette må du også gjerne gjere som ventar på telefon frå oss no.

65-åringar skal ikkje vere bekymra

Om du er merksam på inndeling av alders- og risikogrupper, så vil du merke at FHI deler inn i aldersgruppa 65 – 74 år, medan vi i Herøy kommune seier at vi no held på med gruppa frå 66 – 74 år.

– Vi forsikrar om at det berre er av praktisk betyding for oss når vi ringer, sidan den noverande lista vi har fått frå Helsedirektoratet innheld kontaktinformasjon til person fødde i 1955 eller tidlegare. Ingen 65-åringar (fødde i 1956) vert gløymde og alle vert prioriterte i tur og orden. Alle får vaksine til si tid, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.

Etter kvart kjem Herøy kommune til å gå over til sjølvbestilling av timar. Dette kjem vi til å varsle om i god tid.