Kommunedirektøren om gravplassituasjonen:

Tilrår nye samtalar

Kommunedirektøren tilrår nye samtalar med grunneigarane i Flusund om utviding av gravplassen.

FLUSUND: Kommunedirektøren ønskjer nye samtalar med grunneigarane i Flusund om utviding av gravplassen. 

Nyhende

Etter at også Frøystadmyrane ligg an til å bli skrota som alternativ til ny gravplass for Bergsøy og Leinøy, minkar det på alternativ til utviding av gravplassen i Flusund. Frå før er Grønhaugen og Berge vekklagde som alternativ, og etter grunnundersøkingar tilrår kommunedirektøren det same for Frøystadmyrane-alternativet.