Sjå UKM Sande direkte kl. 16!

Skjermdump frå sendinga. 

Nyhende

I 2020 rakk vi akkurat å arrangere UKM før landet stengde ned. I år var det ikkje mogleg å gjennomføre på normalt vis, og ein digital variant vart alternativet. Sjølv om det ikkje vert slik det har vore før, så set ungdomen stor pris på UKM.

Ein viktig del av UKM er at ungdomen sjølve er med å arrangere. I år vart det ikkje dei tradisjonelle oppgåvene, så vi måtte tenkje litt nytt. Arrangørane har intervjua alle deltakarane, og laga ein liten presentasjon. Delar av intervjua vert også sendt på sjølve UKM sendinga.

Arrangementet vert i år heildigital, og kan sjåast på Sande NettSyn sin YouTube kanal. Sendinga går av stabelen komande laurdag, og vert i tillegg tilgjengeleg i ei veke i etterkant. Så fortvil ikkje om du ikkje får med deg direktesendinga.

Alle innslaga er spelt inn på førehand, men programleiarparet Olav og Mikael er direkte frå Landsbyhuset Breidablik. Så det er berre å leite fram kaker, sveler, brus, og andre godsaker og gjere seg klar for 16 flotte innslag frå ungdomen i Sande!

Klikk på videoen under for å kome inn på Youtube og sjå sendinga direkte.