Vil sjå på moglegheitene for frivilligsentral i Sande

I ein interpellasjon bad varaordførar Einar Ekroll (Frp) tysdag administrasjonen vurderer etablering av ein frivilligsentral i Sande. Til hausten kan ein vente seg ei sak, svara kommunedirektøren.

Einar Ekroll: Varaordføraren i Sande føreslo at ein går i gang med å greie ut moglegheitene for å etablere frivilligsentral i kommunen. Dette vil ein kunne sjå på til hausten, svara kommunedirektøren.  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Interpellanten peikte i framlegget på at kommunen har fallande folketal og ei alders- samansetjing som utfordrar kommunen i levering av kommunale tenester i alle bygdene. Her er det derimot eit sterkt innslag av frivillig innsats, men Sande kommune er ein av få kommunar i regionen som i dag ikkje driftar eigen frivilligsentral.