Vil ha meir spelerom i møterytmen

Dag Vaagen (H) lufta i kommunestyret ønskje om at ein burde sjå litt på den politiske møterytmen i Sande framover.

Vaagen: Høgrepolitikaren meiner det er viktig å sørge for at store saker som er oppe i formannskapet også får modne litt i det offentlege rom for å sikre brei innverknad frå folket. Foto: Bjørnar T.S  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Han viste til at det denne gongen var berre ei veke mellom formannskap og kommunestyre, noko som kanskje var i knappaste laget i hans auge.