Overraskande melding frå Mowi:

Set foten ned for deponi

Styret i Mowi har sett foten ned for deponering av massar frå Fosnavåg hamn i bedrifta sitt nærområde.

NEI: Styret i Mowi ønskjer ikkje at eit massedeponi skal etablerast i nærområdet til lakseslakteriet på Eggesbønes. 

Nyhende

Vedtaket om å deponere massane frå Fosnavåg hamn i eit sjøkantdeponi i Paradisbukta synest ikkje lenger å vere aktuelt etter ein fersk epost som har kome frå Mowi til Herøy kommune. Her gjer selskapet det klart at eit deponi i Paradisbukta ikkje er ønskjeleg verken som landdeponi eller som utfylling i sjø.