Legevaktsoverlege Jørn Tunheim Klippersund og seksjonsleiar Erlend Bae:

Om organiseringa av Søre Sunnmøre legevakt

- At ein får lengre reiseveg til legevakt er sjølvsagt ikkje gunstig. Det er likevel naudsynt å korrigere inntrykket som vert gjeve av at dette vil gå ut over liv og helse, skriv dei mellom anna.

Søre Sunnmøre legevakt: Legevaktoverlege Jørn Kippersund t.v. og seksjonsleiar Erlend Bae.  Foto: Privat

Nyhende

Herøy kommunestyre og formannskapet i Sande har gjort vedtak om at dei ynskjer å knyte seg til Søre Sunnmøre legevakt også når det gjeld legevakt kveld og helg. Dette vekkjer reaksjonar og engasjement. Søre Sunnmøre legevakt skal ikkje gje seg inn i nokon debatt om lokalisering av legevakt for Herøy og Sande, men vi ønsker å seie litt om legevakt generelt, kva Søre Sunnmøre legevakt er, og korleis det er tenkt omkring organisering av legevakttenesta ved ei utviding til også å omfatte Herøy og Sande.


Sande utset saka om legevaktsamarbeid:

Ny forhandlingsrunde om legevakt i Ulsteinvik

Det har siste veka vore jobba hardt politisk med å sondere moglegheitene for nye legevaktforhandlingar mellom Sande, Herøy, Ulstein og Hareid. Fredag er dei fire kommunen tilbake kring forhandlingsbordet, noko som inntil vidare gjer at Sande utset ei avgjersle i saka.



– Hovdebygda einaste reelle alternativet for legevakt

Herøy styrer mot ei avvikling av legevakta i Myrvåg. Ikkje overraskande har også Sande landa på same konklusjonen.




Legetenesta i kommunane

Det sentrale for å sikre gode legetenester til innbyggjarane i ein kommune er å ha nok fastlegar, som er stabile og har kapasitet til å ivareta pasientane sine på ein god måte.

Fastlegeordninga er under sterkt press, og svært mange fastlegar har ei stor arbeidsbelastning som dei ikkje kan gå i over tid. Rekruttering av fastlegar er krevjande, og særleg i distrikta er det mange ledige heimlar. Også her på Søre Sunnmøre er det fleire ledige heimlar, som enten står heilt ledige eller dekkast av vikarar som er her ei kort periode.

Fastlegane har ein krevjande jobb på dagtid, mange med arbeidsveker på langt over 50 timar, i tillegg til dette er dei pålagde å ha legevakt. I små legevaktdistrikt med få fastlegar å dele vaktene på, blir den totale arbeidsbelastinga til legane så stor at mange søker seg vekk.

Både styresmaktene og legeforeningen har stort fokus på fastlegeordninga og legevaktorganisering. Alvoret i situasjonen kom tydeleg fram når legeforeininga for ei tid sidan gjekk til det steg å ta legar ut i streik for å få ned arbeidsbelastninga.


Ordførarane i Ulstein og Hareid:

– Hadde fått det billegare og betre enn i dag

Ordførarane i Ulstein og Hareid føler behov for å nyansere bildet som er teikna i saka om det moglege legevaktsamarbeidet på Ytre Søre Sunnmøre.



Legevakt

- Særs uheldig med slike skuldingar mot Herøy

Ordførar Bjørn Prytz og kommunedirektør Trond Arne Aglen er provoserte av utspelet frå ordføraren i Ulstein i legevaktsaka.


Kompetanse, krav og legevaktdistrikt

Akuttmedisinforskrifta (Forskrift om krav til og organisering av kommunal legevakt- ordning, ambulansetjeneste, medisinsk nødmeldetjeneste mv.) set m.a. krav til kompetanse, kvalitet og system for legevakttenesta. Kompetanse- krava fører til at ferske legar, samt mange vikarlegar, ikkje kan gå i vakt utan å ha erfaren lege i bakvakt. Ved sida av krav til utstyr, lokaler, bemanning, utrykkingsplikt m.m., gjer dette at det for mange mindre kommunar er praktisk umogleg å drifte eigen legevakt i tråd med forskrifta. Krava som stillast i forskrifta har vore kjend i fleire år, men det er først no dei trer i kraft for fullt. Det har difor blitt meir og meir vanleg med interkommunale samarbeid om legevakt. Ser vi rundt oss, er store legevaktdistrikt, med lengre reiseveg enn på Søre Sunnmøre, meir regelen enn unntaket.

Både elles i vårt fylke og i Vestland, er det få og store distrikt med lange avstandar som er regelen.


Arnljot Muren (Ap) fyrte laus om legevakt-saka og etterlyser samarbeid på Ytre Søre:

– «Nessekongane» må klatre ned

Saka om legevaktlokalisering vekte til dels sterke reaksjonar i Sande formannskap. Særleg Arbeidarpartiet uttrykte seg skuffa over «manglande samarbeidsvilje» frå nabokommunar, og ville utsette saka.


Akutte hendingar

På leiarplass i Vestlandsnytt 10. april vert det vist til akuttmedisinforskrifta sin §1:

«Forskriften skal bidra til at befolkningen ved behov for øyeblikkelig hjelp mottar forsvarlige og koordinerte akutt- medisinske tjenester utenfor sykehus.» Når akutt sjukdom eller ulukke rammer, er umiddelbar helsehjelp mange ganger svært viktig. Oftast er det likevel sjeldan at legen på legevakta er i aller fremste rekkje. Ambulansetenesta handterer pasienten i den akutte fasen, og i dei tilfelle det er tidskritiske tilstandar, stoppar ambulansen verken i Myrvåg eller Hovdebygda på veg til spesialisert handsaming på sjukehus. Gjennom naudnettet og avansert medsinsk utstyr kommuniserer ambulanse, legevakt og sjukehus med kvarandre.

Ved til dømes hjarteinfarkt, vert spesialisert diagnostikk og avansert medikamentell behandling sett i verk av ambulansepersonell, etter konferanse med spesialist på sjukehuset. Dette er behandling som ikkje vert gjeve på legevakt. Når det akutt livstrugande er avklara av dei kompetente ambulansearbeidarane i distriktet vårt, og vidare handsaming skal avgjerast, er det legevaktlegen har si viktige rolle. Akkurat i tråd med det forskrifta seier om forsvarlege og koordinerte tenester mellom dei ulike aktørane i den akuttmedisinke kjeda.

Avstand

At ein får lengre reiseveg til legevakt er sjølvsagt ikkje gunstig. Det er likevel naudsynt å korrigere inntrykket som vert gjeve av at dette vil gå ut over liv og helse. Ved akutte tilstandar som hjarteinfarkt, hjerneslag og ulukker vil det vere viktig å få kvalifisert hjelp på plass så raskt som mogleg. I denne samanheng er det å ha ei desentraliser ambulanseteneste av god kvalitet den klart viktigaste faktoren. For tilstandar som ikkje har same hastegrad, vil det vere meir tungvint, men ikkje vere avgjerande om det er nokre minutt lengre køyring. Forskjellen i tid mellom Hovdebygda og Ulstein frå Garneskrysset, er omlag 12 minutt (undersøkt både ved Google Maps og praktisk test). Med utrykkingskøyring, slik legebilen i Hovdebygda har høve til, vil skilnaden bli betydeleg mindre.

Søre Sunnmøre legevakt

Sidan 2009 har Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda samarbeida om felles nattlegevakt i tidsrommet 22-08. Sidan 2011 har også Herøy og Sande vore med i samarbeidet. Fram til mars 2020 var nattlegevakta på sjukehuset i Volda. Nattlegevakta er no ein del av Søre Sunnmøre legevakt.

Søre Sunnmøre legevakt er lokalisert i Hovdebygda og vart opna 1. februar. Her er nattlegevakt, kveld- og helgelegevakt, og legevaktsentral (telefon- og naudnettsentral for Søre Sunnmøre). Når du ringer 116117, eller ditt lokale legevaktnummer, kjem du til operatørane på legevaktsentralen. Dette er sjukepleiar eller paramedisinar (3-årig bachelorutdanning i akuttmedisin), som må fylle strenge kvalikfikasjonskrav. Desse arbeider både med å svare og gje råd på telefon, og med å vurdere pasientar som kjem til oppmøte ved legevakta. At legevaktsentralen og legevakta er under same tak og med felles personell gjev svært god kommunikasjonsflyt til lege, god støtte til legen i diagnostikk og behandling og trygg ivaretaking av pasientane på legevakta.

Ved Søre Sunnmøre legevakt er det både fagleg og administrativ leiing som har legevakt som si hovudoppgåve. Vidare har vi sjukepleiar- og paramedisinarbemanning som har legevaktarbeid som sitt primær- arbeid, og ambulansearbeidarar som har bistilling her. Dette gjer at legevaktlegane, hovudsakleg fastlegar som har sine pålagde vakter, får trygge rammer for å gjere ein kvalitativt god jobb i eit team av godt trent helsepersonell.

Legebemanning

For legevaktsamarbeidet Ørsta/Volda/Herøy/Sande er det planlagt for 2 legar på vakt, kveld og helg. Den eine legen har tilstadevakt i Hovdebygda, klar for utrykking med legebil og ambulansearbeidar ved behov. Den andre legen er i beredskapsvakt, og kallast inn etter behov. Vi vil dermed vere rusta for å kunne handtere både normalsituasjon, sjukebesøk/utrykkingar og periodar med større arbeidsmengd.

Ambulansearbeidar og legebil

Noko som gjer Søre Sunnmøre legevakt annleis enn mange andre legevakter, er at vi gjennom samarbeid med Helse Møre og Romsdal er utstyrt med ein legebil som er bemanna med høgt kvalifisert ambulansansepersonell og utstyrt med akuttutstyr og medikament tilsvarande ambulansene. I tillegg er den ustyrt med laboratorieutstyr og smittevernutstyr.

Det er ikkje den gule fargen og merkinga som gjer denne bilen spesiell, men den kompetansen og det utstyret den har med seg.

Det er eit mål for oss at lege skal kunne dra i sjukebesøk og på utrykkingar på ein effektiv måte, der kvalitet og tryggleik er i fokus. Det er alltid anna helsepersonell til stades på legevakta i Hovdebygda som kan ta seg av pasientar der. Med ambulansearbeidar og utstyr tilgjengeleg, vil det difor kunne bli ein lågare terskel for lege å dra i sjukebesøk til institusjonar eller i heim enn det har vore tidlegare. Eit døme kan vere at om «Ambu» rykker ut til Sandsøya, vil ein kunne sjå føre seg at lege med utstyr til diagnostikk og behandling kan vere på plass på Larsnes når båten kjem inn med pasienten.

Beredskap

Beredskap ved t.d. stengd Eiksundtunnel vert av fleire peika på som ein kritisk faktor. Men det er svært sjeldan at tunnelen er stengd for utrykkingskøyretøy. Ved vedlikehaldsarbeid, bilberging og liknande har naudetatane kommunikasjon med tunnelen, og både ambulanse og legebil vil i dei fleste tilfelle kunne passere. I dei tilfelle der vegar eller tunnelar er heilt stengde, vil legevakta ha beredskapsplanar for å sikre akutt hjelp for dei i befolkninga som er avskorne frå legevaktstasjonen. Det ligg til grunn for all akuttmedisinsk beredskap at ein bidreg for å ivareta liv og helse uavhengig av kommune og foretaksgrenser. Eit av tiltaka vi har i beredskapsplanen er ei formalisering av gjensidig bistand mellom Søre Sunnmøre legevakt og legevakta i Ulstein/Hareid når det står om liv og helse. Ved lengre stengingar av vegane blir det kalla inn legeressursar etter beredskapslister og opna ein mellombels legevaktstasjon ved eit av legekontora i Herøy/Sande.

Økonomi og kvalitet

Søre Sunnmøre legevakt vart ikkje oppretta for å spare pengar for kommunene. Tvert i mot har utgiftene til legevakt blitt betydeleg høgre i Ørsta og Volda. Det løftet som er teke for å etablere denne legevakta er gjort for å møte krav i lov og forskrift, for å skape forsvarlege arbeidsvilkår for legane, og for å gje innbyggjarane ei kvalitativt god teneste. Innanfor ansvarlege økonomiske rammer er det eit høgt fokus på fag og kvalitet hos både leiing og tilsette.

Ved utvidinga til også å omfatte Herøy og Sande på kveld og helg, er vår oppgåve og vårt ansvar å gje eit fagleg forsvarleg, kvalitativt godt tilbod til innbyggjarane i alle fire kommunar i tråd med forskriften.

«Forskriften skal bidra til at befolkningen ved behov for øyeblikkelig hjelp mottar forsvarlige og koordinerte akutt- medisinske tjenester utenfor sykehus».