Arkeologiske undersøkingar på Larsnes:

Funn frå steinalderen

I samband med utviklinga av ny reguleringsplan for Larsnes sentrum, har det vore gjort arkeologiske undersøkingar. Funna som er gjorde, daterer fleire tusen år tilbake i tid.

Spennande Funn: Like rundt denne gapahuken og utover til venstre, sett mot søraust, er det funne ein steinalderlokalitet som er datert til 3024–2896 f. Kr. Den er derfor yngre enn dei daterte lokalitetane nord for Halleosen, som alle er frå rundt 5200–4800 f. Kr. Dei mange lokalitetane i nærområdet viser til saman at dette må ha vore ein fin plass å halde til, med gode solforhold og nærleik til sjøen. Det er det framleis ser vi.  Foto: Signe Marie Midtgård

Nyhende

Sande kommune jobbar for tida med å få på plass ein ny og oppdatert reguleringsplan for Larsnes sentrum. Før planarbeidet kunne godkjennast blei det stilt krav om arkeologisk registrering, noko Agathe Sofie Smørholm og Signe Marie Midtgård sørga for.