Intensiverer arbeidet i skulekutt-gruppa

Sande kommune si arbeidsgruppe for skulestruktur trappar opp arbeidet for å bli ferdige i tide før sommarferien.

Einar Ekroll: Frp sin varaordførar leiar arbeidet i skulestruktur-nemnda i Sande kommune. Foto: Bjørnar T. Sævik 

Nyhende

– Bestillinga går ut på at saka skal vere klar til behandling i kommunestyret i september, og då er det viktig at vi kjem i mål før ferien. Dessutan har vi konkludert med at det er vanskeleg å halde framdrifta med møte berre ein gong i månaden. Då må vi på eit vis ta opp tråden på nytt kvar gong.