Pengar å spare på partistøtte i Sande

  Foto: Bjørnar Torvholm Sævik

Nyhende

Sande kommune har over fleire år brukt ein fast sats, kr 2000 pr. kommunestyrerepresentant i årleg støtte til dei politiske partia, noko som svarar til kr 42.000 i årleg utgift. No tilrår Sande formannskap at kommunestyret endrar reglementet slik at støtta vert utbetalt etter satsane Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vedteke. Dette vil medføre ei utbetaling av partistøtte på til saman kr 23.509 i år.