Fleire kandidatar med leiarerfaring frå offentleg sektor:

Ny kommunalsjef snart på plass

Herøy sin nye kommunalsjef for samfunnsutvikling vil truleg vere på plass før sommarferien.

STRAKS KLAR: Kommunaldirektør Trond Aglen tek sikte på at den nye kommunalsjefen for samfunnsutvikling skal vere på plass før sommarferien. 

Nyhende

I løpet av denne veka vil kommunaldirektør Trond Aglen ha klar ei sak om kven han tilrår tilsett som ny kommunalsjef i Herøy etter Andreas Chr. Nørve. Nørve er tilsett som ny rådmann i Vanylven, og ifylgje Aglen hastar det med å få på plass ein ny leiar for den viktige samfunnsutviklingsavdelinga i kommunen.