Ingen fleire koronatilfelle i Herøy

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Alle testane på covid-19 som var tekne i går av elevar og tilsette ved Herøy vidaregåande skule har kome på svar på, med negativt resultat, opplyser kommuneoverlegen no i kveld.

- Alle dei testa personane går ut av karantene i kveld. Det vert ikkje sett i verk andre tiltak i Herøy utover ei generell oppmoding til alle om å melde seg for test så snart ein har mistanke om at ein har vore utsett for smitte, eller berre har svake symptom, heiter det frå Bjørn Martin Aasen.