Godt år trass låge kraftprisar gir 44,5 mill. i utbyte frå Tussa

Trass i sviktande inntekter frå kraftproduksjon kan Tussa-eigarane vente seg 44,5 millionar kroner i samla utbyte.

DYBDAL: I eit år då inntektene frå kraftproduksjonen svikta kan konsernsjef Elling Dybdal gle seg over gode resultat frå installasjon og IKT, samt ein solid gevinst på samanslåing av kraftomsetningsverksemda. 

Nyhende

Historisk låge kraftprisar og betydeleg lågare inntekter frå vasskraftproduksjonen pregar Tussa sitt årsresultat for 2020. Gode resultat frå IKT- og installasjonsverksemda, i tillegg til vinst på sal av aksjane i straumsalsverksemda, bidrog til at det økonomiske resultatet for året likevel vart godt.