Dyreplage ved Mowi på Eggesbønes - no skal dei skytast

Mowi har fått løyve til å skyte to otrar som har vore til stor plage ved lakseslakteriet på Eggesbønes.

TILTAK: Statsforvaltaren gir Mowi løyve til felling av to otrar, men rår også bedrifta til å gjere tiltak på dei faste installasjonane som fører til at det blir vanskelegare for oteren å kome seg inn i laksemerdane framfor anlegget. 

Nyhende

Ved Mowi sitt lakseslakteri på Eggesbønes har otrar funne ei rik matkjelde i slaktemerdane framfor anlegget. Mykje laks har dermed blitt otermat, framfor å gå til slakting, og over tid har oteren blitt eit så stort problem at bedrifta har sett seg nøydd til å treffe tiltak.