Arnljot Muren (Ap) fyrte laus om legevakt-saka og etterlyser samarbeid på Ytre Søre:

– «Nessekongane» må klatre ned

Saka om legevaktlokalisering vekte til dels sterke reaksjonar i Sande formannskap. Særleg Arbeidarpartiet uttrykte seg skuffa over «manglande samarbeidsvilje» frå nabokommunar, og ville utsette saka.

Sande formannskap: Lokalpolitikarane var samla tysdag for å diskutere det som for mange er ei vanskeleg sak, nemleg legevaktlokalisering. Sande er spelt litt i sjakk matt og har ikkje andre reelle alternativ no enn å flytte kveld- og helgelegevakta til Hovdebygda. Det må ein stor snuoperasjon til for å få til det. 

Nyhende

Framlegget frå kommunedirektøren i Sande var likelydande som det politikarane i Herøy allereie har gått for, nemleg at legevakttenesta på kveldstid og i helgane for Sande blir lokalisert i Hovdebygda, der nattlegevakta allereie er etablert.