Samarbeid om bruken av Sandebu?

Nyhende

Eit innspel frå Sandsøya og Voksa i utvikling (SVIUT) har ført til ei ny utvikling i saka om avhending av det kommunale bygget Sandebu. I NTM-utvalet vart det lagt fram eit skriv frå SVIUT, som inneber at Kong Arthurspelet kan samarbeide med lokale kulturorganisasjonar om bruk av huset. No skal administrasjonen sjekke saka nærare opp, først gjennom å kontakte Kong Arthurspelet som låg an til å «få» huset.