Smitteutbrot i Ørsta:

Elev ved Herøy vidaregåande skule er smitta

Ein elev ved Herøy vidaregåande skule har i dag testa positivt på covid-19, melder Herøy kommune onsdag føremiddag.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Eleven har ikkje vore ved skulen sidan 25.03.21, og vart sjuk to dagar seinare.

Det vert onsdag gjennomført smittesporingstesting av klassa og relevant personale ved skulen. Alle som er testa i dag skal vere i karantene til testsvar ligg føre, opplyser kommuneoverlege, Bjørn Martin Aasen.

– Eg vil oppmode alle ungdomar som berre har svake symptom på luftvegsinfeksjon om å ta ein test, seier kommuneoverlegen.

Knytast til Ørsta-utbrot

På Ørsta kommune sine heimesider kan vil lese at den smitta i Herøy har tilknyting til eit smitteutbrot i deira kommune.

– Ørsta fekk seint i går kveld meldt eit nytt tilfelle av covid-19. I dag fekk vi svar på tre nærkontaktar som også testa positivt, heiter det i meldinga frå Ørsta kommune.

Ein av dei smitta er tilsett på Bakk-Ola-marka og ni bebuarar og 11 tilsette er sett i karantene. Aktivitetssenteret på Bakk-Ola marka er ein møteplass for pensjonistar og andre som har ynskje om ein treffplass på dagtid.

– Bakk-Ola-marka er stengt for besøk og all aktivitet blir stansa inntil vi har fått meir oversikt over situasjonen. Vi ber om forståing for dette. Ein av dei smitta går på skule i Herøy og Herøy kommune tek seg av smittesporinga der. Smittesporing går føre seg og vi kjem tilbake med meir informasjon. Smittekjelda er foreløpig ukjend, heiter det frå kommunen.