Berging av nederlandsk lastebåt skal starte i formiddag

Berginga av det nederlandske lasteskipet som er i drift vest for Ålesund, startar onsdag formiddag viss alt går etter planen. Havari synest usannsynleg no.

Det nederlandske lasteskip Eemslift Hendrik fekk slagside i Norskehavet måndag, og heile mannskapet er evakuerte.   Foto: Redningshelikopter Florø/ Hovedredningssentralen Sør-Norge

Nyhende

– Vi er veldig optimistiske til at fartøyet skal takast i slep i løpet av formiddagen og bringast inn i rolegare farvatn innanskjers, seier beredskapsdirektør Hans-Petter Mortensholm i Kystverket til NRK tidleg onsdag morgon.