Etterlyser betre mottaks- ordningar for avfall på øyane:

– Folk verken vil eller kan betale store summar for å reise med bil og hengar over fjorden

Kåre Bjørn Våge engasjerer seg i spørsmålet om avfallshandtering. Han er tydeleg på at tilbodet er altfor dårleg i ytre Sande.

Engasjert: Avfallshandtering er ein liten kjepphest for Kåre Bjørn Våge. Om lag slik kan det gjerast, med eit lokalt mellomlager for greinavfall. Her syner Våge oss staden ved Oshaugane stadion der vegvesenet har deponert tre og greiner, etter ei nyleg rydding langs fylkesvegane. Foto: Endre Vorren 

Nyhende

– Det seier seg sjølv at folk verken vil eller kan betale store summar for å reise med bil og hengar over fjorden, og deponerer greiner i Gursken. Og då har vi eit problem. Mange har ingen stad å gjere ifrå seg slikt avfall, og dermed vert det overlate til tilfella kvar det endar, seier Våge.