– Foreløpig er dette ein bergingsaksjon som Kystverket handterer og vi håper at ein skal klare å avverje eit skrekkscenario. Eg har likevel vore i kontakt med fylkesberedskapssjef Stine Sætre, då vi på lik linje med andre fryktar at det kan oppstå oljelekkasje som råkar Herøy, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen til Vestlandsnytt tysdag kveld.
Aglen og kommuneleiinga i Herøy følgjer spent med på lasteskip-situasjonen:
- Vi er med i ei større beredskapsordning
Herøy kommune er avventande til situasjonen med det havarerte, nederlandske lasteskipet «Eemslift Hendrika» som no driv mot Stad og sunnmørskysten. Krisestab er ikkje sett, men kommunedirektøren følgjer situasjonen nøye.
Trond Arne Aglen: Kommunedirektøren i Herøy er naturleg nok uroa over situasjonen, men håper ein ungår eit skrekkscenario. Foto: Bjørnar Torvholm Sævik
Nyhende