Kommunedirektøren i Sande om redusert kapasitet på Larsnes-sambandet:

– Kapasiteten må aukast og ikkje reduserast

Kommunedirektøren i Sande er kritisk både til at det vert lagt opp til redusert kapasitet på Larsnes-sambandet, og det faktum at kommunen ikkje er høyrd om saka.

Bilferja Kvam: Norled og fylkeskommunen vil setje den tilnærma like Os inn i sambandet frå sommaren av. Os har angjeveleg betre forhold for rørslehemma og med tanke på miljø, men plassen på bildekk er litt mindre. Arkivfoto: Endre Vorren 

Nyhende

Etter at det nærast ut av det blå kom fram at Norled og fylkeskommunen hadde avtalt å setje inn Os i staden for Austevoll, faktisk allereie til sommaren, har det blitt høg temperatur i denne saka i Sande. Grendelaga i ytre er svært kritiske og lokalpolitikarar har vore ute med ulike ytringar om endringa som altså medfører redusert kapasitet på sambandet.