Trøbbel med Vågsbrua i Fosnavåg måndag:

Stengde redningsskøyta inne i ein time

Måndag førmiddag låste sving-gangbrua mellom Vågsholmen og Fosnavåg sentrum seg ein time. Ei sperra hamn førte mellom anna til at redningsskøyta Idar Ulstein ikkje kom seg ut frå Fosnavåg - ein situasjon ein helst skulle vore forutan, seier kommunikasjonsdirektør i Redningsselskapet.

Sterk vind: Vêret gjorde at Vågsbrua låste seg og sperra innløpet til Fosnavåg hamn måndag i 12.30-tida. Problemet tok ein time å fikse.   Foto: Jann Flatval

Nyhende

– Redningsselskapet er til for å redde liv og hjelpe folk i nød langs kysten. Her kan det vere slik at kvart sekund tel. Då er situasjonar som hindrar eit av våre fartøy sjølvsagt uheldig.