Nederlandsk lastefartøy i naud i Nordsjøen

Eit nederlandsk lastefartøy med 12 personar om bord har sendt ut naudmelding. 3 helikopter og 2 fartøy assisterer med evakuering.
Nyhende

Det skriv hovudredningssentralen på Twitter. Båten ligg om lag 60 nautiske ute i havet, vest for Ålesund. Last om bord har flytta seg og fartøyet rapporterer om ca. 30 grader, skriv HRS. Evakuering av mannskap er sett i verk, medan 4 personar er igjen om bord i eit forsøk på å stabilisere situasjonen.

Klokka 12.23 skriv hovudredningssentralen at åtte personar er evakuert frå fartøyet og frakta til Ålesund.