Status frå Sande kommune 1. påskedag

Totalt er 8 personar er smitta av Covid -19 – koronaviruset -  denne veka.

Sande kommune Illustrasjon  Foto: VN

Nyhende

Dei smitta høyrer til to familiar. Det har vore mykje testing for å finne smitten og for å få stoppe han.

Mange testar

Tilsaman 265 testar er tatt på nokre få timar to dagar denne veka. Det vil sei at over 10 % av Sande sine innbyggarar er testa på kort tid. Det er utruleg flott at innbyggarane har vore med på denne dugnaden. Det er mange som har kome og testa seg som eit førevar- tiltak - både fordi dei vart oppmoda - og nokon kom av seg sjølve.

Nærkontaktene testa seg og dei som har hatt symptom har også testa seg. På denne måten har vi klart å få oversikt og sjølvsagt også fått stadfesta smitte. Vi trur no at vi har fått stoppa viruset si vandring i påskelabyrinten- og det med god hjelp frå alle som har testa seg, dei som står i test-apparatet og dei som jobbar med alle andre forhold rundt dette. Tusen takk alle saman!

Av dei siste 75 testane som vart tatt 2.april var det ein positiv. Dei andre hadde ikkje smitte. 10 nærkontakter av denne er såleis enno i karantene til og med torsdag neste veke. Dei andre nærkontaktene som testa seg tidlegare i veka er ute av karantene 2.påskedag.

Kontakt og råd frå FHI

Kommuneoverlegen har vore i kontakt med FHI for å få stadfesta at vi kan opne skular og barnehagar. FHI er imponert over korleis barnehagar, skular og lokalsamfunnet elles har stilt opp til testing. FHI seier at tidspunkt for testing etter smitteutbrota har vore heilt rette i forhold til når personar har vore eksponerte for kontakt med den som då evt viste seg å vere smitta.

FHI rår til at barnehagar og skulane held ope med same trafikklysnivå som før påskeferien. Smitten har gått frå familie til familie og ikkje i skule eller barnehage. FHI seier at den situasjonen vi er i no og det gode test- og smittesporingsarbeidet som er gjort, ikkje gir heimel i Covid-forskrifta til å stenge skule eller barnehage.

Barnehagar og skular har vanleg drift frå 6. april

Kriseleiinga hadde møte laurdag kveld for å vurdere situasjonen etter å ha fått svar på alle testane, og støttar FHI og kommuneoverlegen si vurdering av at barnehagar og skular kan opne igjen. På dette grunnlag blir det skule og barnehage på gult nivå i trafikklysmodellen etter påske.

Tilsette og føresette er orienterte om dette i e-post tidlegare i dag søndag 1 .påskedag.

Test deg om du er usikker

Vi forstår at mange kjenner seg litt utrygge på situasjonen. Det er normalt. Men faglege vurderingar frå FHI og kommuneoverlege og dei mange negative testane må gjere oss trygge på at vi no har fått isolert og stoppa smitten. Alt tyder på at smitten har gått frå hus til hus og ikkje i skule/ barnehage.

Kjenner ein på små symptom og er usikker på om ein kan vere smitta skal terskelen for å bestille testing ved legesenteret vere lav. Har du vore på reise bør du også teste deg. Ein test kan gjere deg/ familien din trygge og meir avslappa i kvardagen, og Sande legesenter er der for deg alle kvardagar om du treng å ta ei prøve.

Følg dei nasjonale råda vidare

Vi oppfordrar også til at ein held seg til dei same folka på fritida, både barn og vaksne - så håper vi det blir gode vårdagar framover.

Vaksinering held fram

Sande kommune oppmodar om at du tek imot tilbodet om vaksinering når det kjem. 8.april blir 66 nye personar vaksinerte i Sande. Desse er i gruppa fødde 1943 -1946.


Ingen nye smittetilfelle i Sande

Laurdag kveld opplyser Sande kommune at det ikkje er registrert nye tilfelle av koronasmitte.



Sande-utbrotet sitt åttande tilfelle

Seint Langfredag er det åttande tilfellet under det pågåande utbrotet i Sande stadfesta.