Ingen nye smittetilfelle i Sande

Laurdag kveld opplyser Sande kommune at det ikkje er registrert nye tilfelle av koronasmitte.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Det må reknast som gode nyheiter, og spesielt med tanke på at det tidlegare i påskeveka har oppstått eit lokalt utbrot med åtte koronasmitta i kommunen.

- Vi har fått svar på alle dei 75 testane som Sande legesenter tok i går. I går melde vi om at ein av desse var positive, altså éin smitta. I dag kan vi stadfeste at dei andre 74 ikkje viste smitte og det er vi glade for. Framleis har vi ikkje svar på om dette er eit mutert virus, opplyser kommunen på sine heimesider.