Endrar valkrinsgrense på Bergsøya:

Fleire skal stemme ved Einedalen skule

Ved det komande val vil rundt 800 personar, som tidlegare har røysta på Herøy kulturhus, bli bedne om å røyste på Einedalen skule.

Frode Hammerseth: Valansvarleg i Herøy orientere kommunestyret om bakgrunnen for endringa. 

Nyhende

Det har Herøy kommunestyre vedtatt basert på tilråding frå Valstyret i Herøy. I vedtaket vert det teikna opp ei ny grense mellom valkrinsane på Bergsøy og Einedalen. Den nye grensa går ved rundkøyringa på Hjelmeseth og ved Ytre Herøy ungdomsskule. Valansvarleg i Herøy, Frode Hammerseth, orienterte kommunestyret om tilrådinga.