Skulekjøkenet endeleg oppe og går igjen i Gursken - med gåver frå bygda

Ein stor vasslekkasje i sommarferien i fjor sette skulekjøkenet ut av drift i månadsvis. No er det totalrenovert.

Gursken oppvekstsenter kjøken: Elevar ved ungdomssteget i Gursken oppvekstsenter klar til å lage mat igjen, og her har dei stilt seg opp saman med dei nye kjøkenmaskinene som er sponsa av Myklebust Verft. Foto: Gursken oppvekstsenter 

Nyhende

– Etter at skulekjøkenet har vore stengt eit halvt år, har vi endeleg fått tatt det flotte kjøkenet i bruk. Økonomien til å kjøpe nytt utstyr er ikkje så god så derfor har vi jobba med å få litt spons utanfrå, seier lærar Veronica Muren Longva ved Gursken oppvekstsenter.