Har laga historisk dokument basert på farens 90 år gamle dagbok:

– Eg syntest det var så interessant lesnad at eg bestemte meg for å skrive av notatane

Året er 1931. Det er i april, og i Tjørvåg ligg Brand I og blir klargjort for sin faste sommarturne langs norskekysten for Sunnmøre krins av Norges Kristelege ungdomsforbund. Samtidig gjer Jon Langberg seg klar til å mønstre på. 22-åringen frå Gursken har fått jobb som matros, maskinist, kokk og orgelspelar. Skipper på Brand I denne sommaren er Karolius Igesund frå Herøy.

DAGBOK: Helge Langberg har samla dei tre dagbøkene som faren noterte ned gjennom ein sju månader lang evangeliseringstur med Brand I i 1931. 

Nyhende

«Eg kom til Tjørvåg i middagstida. Der låg Brand 1 ved Smedvik og gjorde sjøklart. Om bord var alt i ei forvirring. Smedane prøvekøyrde maskina og skipper K. Igesund for galen rundt og var stundom her og stundom der. Det var om og gjere å verte ferdig og kome seg til Fosnavåg til kveld».