Utbrotet i Sande aukar i omfang - frå fire til seks

To nye sandssokningar er stadfesta smitta av Covid-19.

Koronavirus illustrasjon:   Foto: Gerd Altmann/Pixabay

Nyhende

Det melder Sande kommune onsdag kveld, dagen etter at fire frå Sande vart stadfesta med koronasmitte.

Eine personen av dei to nye som er smitta, er nærkontakt til ein av dei fire smitta. Dette var ikkje heilt uventa, melder kommunen.

Men:

- Den andre personen vart testa måndag og stadfesta smitta i dag. Smittesporing er i gang. Ikkje avklart smittekjelde. Kan ha samanheng med tilfella over, men er ikkje avklara. Sit i isolasjon, heiter det på kommunen sine heimesider.

190 personar i Sande er kalla inn til testing i samband med utbrotet. Testane er sende til Molde med ekstrabil for å få eit raskt svar. Svara er venta om to til tre dagar, vert det opplyst.

Kommunen takkar

Mange har vore til testing i dag og Sande kommune takkar for positiv respons og deltaking slik at vi kan få gjort det ein kan for å få kontroll på situasjonen.

Kommunen legg til at testast og vere i karantene i 10 dagar etter ekspondering for smitte. No er elevar i 6. og 7. klasse ved Larsnes skule offisielt definerte som nærkontaktar. Denne omdefineringa skjer som ein konsekvens av ny og stadfesta smitte onsdag.

Medlemer i same husstand som nærkontaktane skal i ventekarantene fram til eit negativt testsvar for nærkontakten er klart.

Kommunen skriv meir om smittesporing og anna i denne artikkelen (ekstern lenkje).

Tidlegare onsdag intervjua vi ordførar og leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust:


Fryktar fire kan bli fleire:

- Mest alvorlege situasjonen vi har hatt

Leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust, seier dei fire registrerte koronatilfella tysdag kveld kom som ei svært negativ overrasking ved inngangen til påska.