Ulstein-innbyggar som arbeider i Herøy har fått korona

- Ein person busett i Ulstein, som har sin arbeidsplass i Herøy, har testa positivt for covid-19. Det er sett i gang smittesporing med utgangspunkt i arbeidsplassen, og det vert gjennomført smittesporingstesting av alle nærkontaktar i morgon føremiddag.

Korona: Det er oppdaga eit smittetilfelle i Ulstein som skriv seg frå ein som arbeider ved ei bedrift i Herøy- 

Nyhende

Det opplyser Herøy kommune klokka 19.10 onsdag kveld. Kommunen legg til at det vert jobba med å kartlegge nærkontaktar og nærståande til desse. Det er framleis ikkje på det reine kor mange som er råka av utbrotet. Men smittekjelde er identifisert og isolert.

- Smitten er ei forgreining frå utbrot ein anna stad i Noreg. Det vert gitt ny informasjon i kveld når alle nærkontaktar er identifisert. Alle nærkontaktar vert sett i smittekarantene og alle deira nærstǻande vert sett i ventekarantene til testsvar ligg føre, heiter det frå kommunen.

Elles kan vi nemne at i tillegg til utbrotet i Sande, der fire personar er smitta, har Hareid hatt eit par smittetilfelle siste dagane. Her skal ein ha oversikt og kontroll på situasjonen.


Fryktar fire kan bli fleire:

- Mest alvorlege situasjonen vi har hatt

Leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust, seier dei fire registrerte koronatilfella tysdag kveld kom som ei svært negativ overrasking ved inngangen til påska.