Utbrotet i Sande:

Testing pågår i Sande, førebels friskmeldt i Herøy

Testing pågår i stor stil i Sande etter utbrotet der. Smitten forgreinar seg til Herøy, der ein familie førebels er friskmeld.
Nyhende

Det kjem fram av oppdateringar frå kommunane onsdag føremiddag. Sande kommune skriv:

Mange personar vert testa i dag med mål om å få raskt kontroll over smittesituasjonen som oppsto i går kveld. Kommuneoverlegen presiserer i dag at elevar og lærarar frå 6. og 7. trinn på Larsnes og 9. trinn på Gursken er ikkje definerte som nærkontakter. Dei blir bedne om å teste seg i dag og vere i karantene fram til testsvar. Personar i same husstand blir også bedne om å vere heime fram til testsvar ligg føre.

Herøy kommune opplyser på si side dette:

Familien frå Herøy som vart sett i karantene i samband med utbrotet i Sande, testa alle negativt på hurtigtesten i dag. Karantenen vert forlenga til endeleg svar ligg føre i morgon kveld (torsdag kveld, red. mrk). Deira karantenetid er rekna frå siste kontakt med dei smitta som var for 10 dagar sidan.


Fryktar fire kan bli fleire:

- Mest alvorlege situasjonen vi har hatt

Leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust, seier dei fire registrerte koronatilfella tysdag kveld kom som ei svært negativ overrasking ved inngangen til påska.