Fryktar fire kan bli fleire:

- Mest alvorlege situasjonen vi har hatt

Leiar i krisestaben i Sande kommune, Olav Myklebust, seier dei fire registrerte koronatilfella tysdag kveld kom som ei svært negativ overrasking ved inngangen til påska.

Olav Myklebust: Leiaren i krisestaben, som elles skal samlast i løpet av onsdag 31. mars, fryktar fleire kan vere smitta i det som kan reknast som Sande sitt første koronautbrot av litt omfang sidan pandemien starta her til lands i mars i fjor.  Foto: Arkiv / Stian Langlo Driveklepp

Nyhende

- Det er liten tvil om at dette er den mest alvorlege situasjonen vi har hatt til no i koronaperioden her i Sande, seier Myklebust til Vestlandsnytt.