Kallar inn aldersgruppa 18 - 64 år som er prioritert vaksinasjon

Til vaksinasjon i veke 14 kallar Herøy kommune inn nesten alle i aldersgruppa 18 - 64 år som fastlegane har plukka ut til prioritert vaksinasjon i samsvar med nasjonalt fastsette reglar.
Nyhende

– Etter at vi starta innkallinga av desse som tilhøyrer risikogruppe 4, har vi fått nokre meldingar om at dei innkalla meiner dei ikkje tilhøyrer denne prioriterte gruppa, seier kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.


Bjørn Martin Aasen la pensjonisttilværet på hylla for å hjelpe lokalsamfunnet:

– Kvar kveld, litt før klokka 20, blir eg litt nervøs for å sjekke telefonen

Sjølv om Bjørn Martin Aasen (76) har måtte ta med seg jobben heim nesten kvar dag dei siste 12 månadane, angrar han ikkje på at han tok på seg ansvaret som smittevern- og deretter kommuneoverlege i Herøy.


Skuldast ein feil i systemet

I Herøy kommune er det servicetorget som kallar inn til vaksinasjon. Dei tilsette har ikkje kunnskap om den einskilde sine diagnoser. Det er det berre fastlegane som har.

Om nokon har fått tilbod om vaksine utan at dei høyrer heime der, kan det skuldast ein feil. Det har vist seg at det sentralt utvikla dataprogrammet som fastlegane skal nytte til å finne desse personane, kan ha nokre svakheiter som vert avdekka gjennom innkallinga som pågår no.

– Dei som melder at dei ikkje er risikogruppe og ønskjer utsett time, vert sjølvsagt utsett. Vi trur ikkje det er snakk om mange, men vi ser at det kan skje. Derfor ønskjer vi å gjere merksam på dette.


Bjørn Prytz har spesielt éi bekymring eitt år inn i pandemikampen:

Er uroa for dei unge

Bjørn Prytz meiner kommunen har handtert koronapandemien godt, og roser spesielt sin kollega Bjørn Martin Aasen for iherdig innsats. Herøy-ordføraren er derimot uroa for kva konsekvensar sosial nedstenging har hatt for barn og unge.


Stort fokus på omvend situasjon

Herøy kommune er også svært opptekne av omvend situasjon, nemleg at nokon som tilhøyrer risikogruppa ikkje har fått innkalling.

– Vi kjem til å ha stort fokus på akkurat det i veke 14 og 15 når vaksinasjonslistene for veke 15 skal settast opp. Vi ønskjer å gjere alt så rett som råd er, og oppstår det manglar eller feil vil vi svært gjerne verte gjort merksam på det, slik at det kan rettast opp. Det er over 6000 herøyværingar som skal få tilbod om vaksinasjon til rettmessig tid, så vi er budde på at det kan oppstå nokre avvik frå det ideelle undervegs.

Kva gjer eg om eg ikkje har fått time?

Om du meiner du høyrer til i risikogruppe 4, men ikkje har blitt kontakta i utgangen av veka etter påske, så ber kommunen deg om å ta kontakt med fastlegen slik at han eller ho kan gjere ei vurdering. Dersom det er rett at du skal prioriterast for vaksinasjon no, varslar fastlegen servicetorget som kan tildele time til deg. Servicetorget har ikkje mynde til å tildele timar til personar som ikkje står på lista.